tirsdag 12. august 2008

01.07.08 Preikestolen (704 moh)





Preikestolen er den store turistmagneten med 80 000 besøkande kvart år. Sjølv om det kanskje er heilt i starten av storsesongen, så var det bra stor utfart denne dagen med flotte vertilhøve. Parkeringsplassen ved startpunktet ved Preikestolhytta var bra full. Vi fekk nok litt 17-mai-tog kjensle, og det var ikkje alltid like lett å kome seg fram. Som norske fjellvandrarar var vi høveleg utstyrt for fjelltur, men det var jammen mange utlendingar som slett ikkje var i den kategorien: småsko, kvite bukser, utan mat eller drikke og slett ikkje vane med å gå i ulendt terreng. Du blir førespegla at turen tar 2 timar, men då har du romsleg med tid og nesten før du anar det, er du framme. Terrenget er lettgått med mykje berg og steinar, og over myrane er det laga gangbruer av tre. Det er å anbefale å gå vidare opp på toppane ovanfor Preikestolen. Då få du flott utsikt ned på Preikestolen, samt enda flottare utsikt innover Lysefjorden.

30.06.08 Gullingen (979 moh)



Årets ferie med bubilen gjekk i år til Lysefjorden og kjende fjellattraksjonar som Preikestolen og Kjerag. Ingen av oss har vore i områda før, så det er kjekt å utforske noko nytt. Planen var også å gå på eit par toppar i Haukeliområda, men fann raskt ut at det nok enno var vel mykje snø i 1600-meters høgd.

På våre fjellferiar har det alltid dukka opp ein eller fleire toppar som vi ikkje har høyrt om eller tenkt på, men som vi endar opp med å gå opp på. Gullingen i Suldal kommune vart ein slik topp for oss. Då det verken var vêr eller forhold til å ta toppane på Haukelifjell, køyrde vi vidare sørover. I boka ”125 utvalgte turer” frå Stavanger turistforening står Gullingen omtalt.

Frå å våkne til solskinn i Odda, gjekk det fort over til regn, men tidleg på ettermiddagen letta det litt opp og vi fekk opphaldsver på turen vår. Sidan vi starta turen på ca. 530 moh, så var det ikkje harde turen oppover og etter vel ein halvtime var vi framme. Sjølve turen starta ved skitrekket i nærleiken Gullingen Turistsenter som er ein populær stad for leirskuleopphald. Siste biten opp innebar litt lett, men ufarleg klyving. Sidan veret ikkje var heilt topp, låg det mykje skodde rundt oss og utsikta var begrensa. Men det blir sagt at på fine dagar kan ein sjå heilt til Ullandhaug i Stavanger.

Utsikt frå varden ned mot Gullingen Turistsenter. Som de ser, var det litt skodde denne dagen.

mandag 11. august 2008

15.06.08 Dyrdalsknausen (ca. 700 moh)

Frå Jonstadstølen er det mange fine turmogelegheiter. Eitt av desse er turen på det vi kallar Storefjellet. I kartet heiter det Dyrdalsknausen, så det er nok det formelle namnet. Turen tar ca. 1 time frå stølen. Det er ikkje mange som fartar til denne toppen, og den er nok mest besøkt i samband med sauesanking og hjortejakt. I 2007 bygde vi opp ein liten varde og la ut ei bok der, men førebels er det berre ein person som har funne fram til boka vår.

På første vårturen dit i år, var det spanande å sjå om boka framleis var der, og vel framme på toppen, såg det ut som boka var vekke. Men etter litt leiting, fann eg den igjen eit stykke nedanfor varden. Den hadde blåse vekk, men godt innpakka i plast og matboks, var boka likevel heilt tørr. Så då var det berre å byggje opp att varden, og leggje boka inni.

Frå Dyrdalsknausen ser du m.a. anna til Eikefjorden:

Utsikt ned på Dyrdalsvatnet. Her er det bygd ei lita sankebu som er opa for alle.


Og her ser vi Steindalsstølen:

torsdag 31. juli 2008

Jonstadstølen :-)


Når vi ikkje er på tur for å oppsøkje nye eller kjende fjelltoppar, er vi gjerne på Jonstadstølen. Den brukar vi flittig både i helgar og feriar, og er ein kjempeflott plass å kople av!

Det er mange stiar å gå for å kome til stølen, og dei skal eg ta igjen ved eit seinare høve, men som oftast reiser vi lettaste veg: Då køyrer vi til Solheim i Naustdal, og tar av oppover Horstadstølsvegen. Vi køyrer forbi Ekrestølen, Horstadstølen og parkerer ved Reiakvamsstølen. Derifrå er det ca. 3 km å gå på tilnærma flat sti (12 meters høgdeforskjell), så denne turen er overkomeleg for nesten alle.

Her er eit oversiktsbilete over alle sela på stølen. Vårt sel er det grøne til høgre i biletet:

Området kring Jonstadstølen sett "ovanfrå": Stølen ligg ved lona til høgre. Til venstre er Jonstadstølsvatnet, og bakarst er Storevatnet. Det er ved andre enden av dette vatnet vi parkerer bilen. Horstadstølen og Reiakvamsstølen ligg der. Dei to fjelltoppane vi ser, er Solheimsnipa/Ramstadnipa til høgre og Bolteheia til venstre.

Fjelltoppen vi ser her, er Storefjellet/Dyrdalsknausen. Selet vårt i framgrunnen. Lona til venstre, og Jonstadstølsvatnet i bakgrunnen. Det er fine mogelegheitar for fiske i begge vatna.

tirsdag 10. juni 2008

12.05.08: Nareggja (602moh)

Nareggja (602 moh) ligg i Naustdal kommune. Du startar turen ved Mortensbakke som ligg 3 km ut langs fjorden når du tar av til Helle i Førdefjorden. Turen er skildra i Opptur-boka, og toppen gjev flott utsikt til grendene langs ved Førdefjorden og ut i havet. Mot aust skimtar vi fjella inst i Angedalen. I sør ligg Heilefjellet, og i nord går det rett ned i Redalen.

Stien førte oss først til Bakkestølen:

Etter dette var det slutt på skogen og ein gjekk vidare i eit lett kupert område med mange lange, kvite berg. Heile turen hadde vi nydeleg utsikt til Heilefjellet:

Vel framme på toppen hadde vi også utsikt mot bl.a. Steindalsfjellet og Helleblåfjellet i nord.


Ein flott fjelltur med nydeleg utsikt frå toppen. Stien er lettgått og ikkje særleg bratt, så dette er eit overkommeleg turmål for dei fleste.

08.05.08 Erdalsstølen i Førde















Erdalsstølen er ein fin ettermiddagstur når tida er knapp og du vil nyte sola lengst mogeleg. Det er skogsveg heile vegen opp, og eignar seg godt for å gå i raskt tempo om du ynskjer å få opp kondisjonen. Vi var på veg opp også tidleg i mai, men då vart det for mykje snø på slutten. Men med dei temperaturane som har vore, så har snøen smelta raskt. Dette førte også til at vi måtte ta av oss skoa for å krysse siste elva over til stølen. Det var rett og slett iskaldt, og det gjorde vondt i beina då vi kom på land. Ansiktsuttrykket mitt på biletet, talar sitt tydeleg språk!



















På sjølve stølen var sola gått ned, men ho lyste framleis over Førdsnipa.
Og som gode radioamatørar, har vi nesten alltid med oss portabelt radioutstyr på tur. Steffen - med kallesignal LA4YPA - har fått kontakt over repeateren på Hafstadfjellet.

søndag 4. mai 2008

03.05.08: Skårseggja (609 moh)

Framleis tidleg vår og mykje snø i fjellet. Som fottur-entusiastar er vi derfor på leit etter flotte fjelltoppar som har blitt snøfrie. Dette inneber som regel at vi må ut til kysten og finne toppar som er i 5-700 meters høgd. Eit førstebesøk til Skårseggja ved Ytre Torvund (mellom Vadheim og Lavik) vart derfor dagens turmål. Vi starta ved Varleite, og turskildringa lova oss 1 t 45 min med jamn, bratt stigning til toppen. Vi hadde turkart frå Lavik IL - Fjelltrimgruppa, og dei skal ha honnør for særs god merking av turrutene sine. Det tok ikkje lang tid før vi kunne nyte den første utsikta: På det første biletet ser vi i retning av Indre og Ytre Torvund, og på det andre biletet er det utsikt utover Sognefjorden og ferjeleiet på Oppedal. Med god margin til oppgjeve tidsbruk, var vi på toppen. Med lettskya ver og ein del sol, vart vi sitjande og nyte utsikta i 1 1/2 time før vi tok fatt på returen same veg. Slik såg det ut på toppen:

Fjellbloggen er oppretta :-)


Etter å ha prata om det mange gonger, har vi no endeleg oppretta vår eigen blogg for fjellturane våre. Her vil vi publisere tekst og bilete frå våre (forhåpentlegvis) mange turar på fjellet i løpet av 2008 og tida framover. Kanskje vert det også nokre tilbakeblikk frå tidlegare turar...