fredag 19. juni 2020

Store Batalden (492 moh) - vindstilt og vakkert på kysten!

Flott utsikt på toppen av Store Batalden - Kinnaklova midt i mot og Alden heilt bakerst

Når vi skal dra på våre utvalte turmål, 
så vil vi helst at det skal klaffe med vèret. 
Viss ikkje, tar vi det igjen seinare. 

Det eine er at det gjerne skal vere sol, men det ikkje noko must. 
Lettskya går heilt fint det også. 
Det andre er at det bør vere noko lunde vindstille. 
Kor mange turar har ikkje fått øydelagt sjarmen ved at det har blåse kraftig på toppen? 

For ein øytur ute på kysten, vil vinden ofte vere avgjerande for turopplevinga. 
Vi har lenge hatt planar om ein tur til Store Batalden (492 moh)
- den høgste toppen på alle øyane utanfor Florø. 
Vi var der sist i 2008 - på ein fantastisk flott sommarkveld! 
Så no var det på høg tid med ein gjenvisitt!

I fjor passa det seg liksom aldri heilt og turen vart sett på vent til i år. 
Sist veke var vi praktisk talt pakka og klar til å reise neste dag, 
men vakna om morgonen med meldingar om at det kunne bli vind på 9 m/s. 
Det var ikkje aktuelt, så turen vart sett på vent igjen. 

Denne veka var det igjen fine meldingar, 
rett nok litt vind med opptil 5-6 m/s, men vi ville ta sjansen. 
Og lærdomen: 
Vind på 5 m/s kunne vi leite langt etter, 
det var knappast eit einaste vindpust! 
Sola skein frå knallblå himmel og det var rett og slett varmt,
veldig varmt! 
Eigentleg litt for varmt til å gå tur! 

Båtturen er ei flott oppleving i seg sjølv
- Store Batalden lokkar der framme! 


Det er ikkje meir enn 2 km til toppen, 
men nesten 500 høgdemeter skal forserast. 
Det var krevjande nok i varmen, 
men vi tok tida til hjelp og naut utsikta undervegs. 

På toppen kunne vi kose oss lenge - 
kor vart vinden av? 
Den var ikkje hjå oss i alle fall! 

Kan ein slik tur anbefalast? 
Ja, det kan den definitivt. 


Turen krev litt planlegging og logistikk i forhold til båtavgangane, 
men slike øyturar kan du fint ta ein vanleg ettermiddag. 
For vår del tok vi båten frå Fugleskjærskaia i Florø kl 16 og kom attende kl 21.45. 
Akkurat passe lang nok tid til å kose seg på turen! 

Florø har mange fine øyar å besøke 
 - så "Ta ei øy i veka!" er mi oppmoding! 
Om du ikkje vil reise åleine, arrangerer Flora turlag ofte ettermiddagsturar til øyane. 
For vår del har vi tidlegare besøkt: 

Om turen til Store Batalden: 
Korleis kome seg dit: Rutebåt frå Florø
Lengd: 2 km opp
Tidsbruk: 1-1,5 time opp
Stigning: ca. 490 meter

Kartutsnitt frå ut.no

Det er ein bratt tur med delvis ur, berg og lynghei. Deler av turen krev litt småklyving i ura, men det er ikkje luftige parti langs stien. 

Frå kaia går du rett fram og tek til høgre rett før husa. Du går opp bakken og nordover gjennom ei grind og kryssar ei beitemark. Følg så stien oppover til du kjem til eit lite vatn der stien svingar til venstre. Gå til steingarden der stien opp mot toppen er godt synleg. I dei bratte områda er stien merka med raudt. Vegen vidare gir seg sjølv, den er mykje brukt og det er berre å følgje den til toppen. 

Frå varden på toppen ser ein rett ned på havet. Her er stupbratte sider mot sør, vest og nord. Frå Store Batalden ser du alle øyane, innover til fastlandet, nordover til Bremanger og sørover til Askvoll - det er ei oppleving å vere her både i " storm og stille ". Bileta talar for seg sjølv: 

Klar for fjelltur frå kaia i Store Batalden







Vel blåst tur - rutebåten kjem for å hente oss kl 21.00



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!