tirsdag 17. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 17: 52 turar i Sunnfjord kommune i 2019

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 17: 52 turar i Sunnfjord kommune i 2019
Så glad blir eg når eg har fullført 52 turar-prosjektet mitt! Laukelandshesten leverer! 

I dag byr eg ikkje berre på eitt turmål, men heile 52 turar!

Ved starten av 2019 starta eg prosjektet 52 turar i Sunnfjord kommune i 2019.
Meir om dette kan du lese i dette innlegget (link)

Men kort fortalt handla prosjektet om å gå 52 ULIKE turar i Sunnfjord kommune i 2019.
Lengd og turmål var opp til ein sjølv, men det var eit vilkår om at det måtte vere minst èin tur i kvar av dei 4 kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal -
som frå 01.01.2020 blir:

Prosjekt Sunnfjord
For min del vart det, ikkje uventa, flest turar i Førde og Gaular, og minst i Jølster.
Dei aller fleste turane var kjende for meg frå før,
men eg kunne likevel krysse av for 9 nye turruter/-mål.

Og høgdepunkta? Det må nok blir desse:

  1. 7-fjellsturen i Førde som eg gjennomførte for første gong
  2. Turen til Blegja i Førdefjorden med heile familien - ein av Bendik sine store turdraumar
  3. Skredfjellet - grensefjell mellom Gaular og Fjaler og høgaste toppen i Fjaler kommune. Nytt turmål. 
  4. Åleinetur i Lundeskaret og opp på Tverrfjellet. 13 år sidan sist eg gjekk Lundeskaret og på Tverrfjellet var eg for første gong. 
  5. Laukelandshesten - tur nr 52 måtte vere ein skikkeleg utsiktstur. Det er få toppar  i Sunnfjord som du kan nå på under 1 time som slår denne toppen når det gjeld formidabel utsikt! 


Her er oversikt over mine 52 turar så langt i 2019
(året er ikkje ferdig endå, så kan det kanskje bli nokre fleire):




Og her er nokre bileteglimt frå året som har gått:
Dagsturhytta Gytta var årets første tur på 1. nyttårsdag i noko ruskete vèr! 

Godt å søke ly inne. 

Eikelandstølen i tåkedis

Dagsturhyttene har vore populære turmål og vi har gått til dei fleire gonger. Her er vårt første besøk til Steinkorshytta. 

Vintervakkert! 
Skaraly i vinterferien i lett vinterprakt (men lite snø til å vere feburar)

Skaraly i sommarprakt! 
Hornnesstølen er det turmålet som ligg nærast heimen og det blir nokre turar hit i løpet av året. 

7-fjellstur var ein einaste lang og flott oppleving! 

Det har blitt kveld og topp 7 av 7 er endeleg nådd - Førdenipa. 
Dagsturhyttene vert også nytta til kulturelle føremål. 
Ein av årets nye stølsbesøk - Årteigstølen ved Viksdalsvatnet
Ettertenksam og glad - eit prosjekt er fullført og eg konstanterer kor heldig eg er!
Tenk å få så mange flotte turopplevingar! 

1 kommentar:

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!