torsdag 31. august 2017

Galdhøpiggen (2469 moh) - kaos eller balsam for sjela?

Sein ankomst til Juvasshytta, men Galdhøpiggen (lengst til høgre) ligg og ventar på oss til neste dag!

Eg har vore på mange, mange, fjell 
- men ikkje Norges høgaste. 
Ei heller har eg gått Besseggen, 
men det blir nok det også - kanskje om eitt år eller to. 
Om det passar seg slik....

Eg har ikkje stressa med å nå desse toppane, 
då det finnast så mange andre fine fjell å gå på. 
Dessutan så er det jo mykje fredelegare på tur når det ikkje kryr av folk.
Du går ikkje på Galdhøpiggen om du ynskjer å ha fjellet for deg sjølv!

I tillegg så er eg ganske gniten på været. 
Dersom eg først skal gå desse turane, så det vere fint vèr slik at vi får maksimal utsikt. 

Been there, done that - but no view, er ikkje noko for meg! 

Been there, done that - with a great view derimot......


Denne utsikta vil eg ha når eg først tar turen på Galdhøpiggen!
Etter at ungane vart fødd, har eg tenkt at desse populære turane tar vi når dei er blitt store nok. 
Og no var vi komne dit hen at ein tur til Galdhøpiggen var realistisk å få til. 

Det var meldt full sol og vindstille på Norges tak 
- skulle vi ta sjansen på å prøve ein tur?

Vi hadde nokre atterhald:
- ville vi trivast med å gå i flokk og følgje?
- ville dagen vere prega av kaos og venting?
- villle ungane greie turen? 

Aldersgrensa for barn er 7 år, og minstemann som er fødd seint på året, er berre nesten 7....
I tillegg er han ikkje den høgaste for alderen, og mange 5-6 åringar slår han på høgda. 
Små bein må springe minst dobbelt så fort som vaksne bein.
Ville han klare ein slik tur?

Vel vitande om at vi har gått mange fjellturar i sommar (og tidlegare år), 
og at nokre av dei må reknast som meir krevjande enn Galdhøpiggen, 
så tenkte vi at vi kunne ta sjansen. 
Truleg har han gått fleire fjellturar enn dei fleste i følgjet...

Dagsformen er vanskeleg å spå på førehand, 
og alle som har gått på tur med born veit at den kan svinge veldig. 
Den eine dagen spring dei lett av garde frå topp til topp, 
ein annan dag er alt mykje tyngre....
Slik er det jo gjerne for oss vaksne også.
Ville turen klaffe med god dagsform?

Vi skulle også ha med 8-åringen vår, som vi visste ville greie det 
- men motivasjonen måtte vere til stades. 

Motiverte var dei derimot begge to:

Skal vi gå på Galdhøpiggen på laurdag? 
JAAA, svara dei!

Vi snakka om turen i fleire dagar, 
førebudde dei på korleis turen var, 
at dei måtte vere flinke å gå, 
at vi skulle gå i tau over breen,
og at ein kanskje ikkje kunne stoppe når ein hadde lyst eller var litt sliten. 

Om dei framleis ville på tur? 
JAAA!

Vi valte sjølvsagt ein dag der vêrmeldingane lova full sol og vindstille på Galdhøpiggen,
men då viste vi også at vi ikkje ville bli åleine tur!
317 personar hadde kjøpt billettar til turfølgjet vi skulle vere med i, 
og i tillegg hadde det gått eitt titals turfølgje føre oss.

Vi blir ikkje akkurat åleine på tur, nei....

Korleis ville dette gå? 
Ville det vere ein dag med kaos og venting? 
Kva om vi ikkje greier å halde følgje?
Storparten av dei som skulle vere med var vaksne. 

Informasjon om turen vart gitt raskt og effektivt, 
og med tydelege instruksar. 


Vi starta friskt, og i lett tempo gjekk vi greitt inn dei 2,8 km til kanten på breen. 
Vi klarte turen på ein god times tid, 
og var dermed langt unna makstida på 1,5 time som var vilkåret for å kunne vere med vidare.

Puhhh - første utfordring vel overstått! 



Taulengder etter taulengder vart lagt ut medan vi inntok litt mat og drikke. 
Og etter det som var ein passeleg lang pause for oss, 
var guidane klar til å feste oss inn i taua. 
Merkeleg nok så gjekk dette relativt problemfritt og raskt, 
og vi kunne starte turen over Styggebreen. 

Klar til avgang over breen!

Breen hadde jamn stigning og taulaget gjekk i jamt, roleg tempo. 
Det var ingen problem for små bein å halde følgje.
"Går det bra, Bendik?" spurte eg utallige gonger.
"Jadå, mamma" var svaret eg fekk tilbake.

"Det går bra, mamma!"
Stornøgd pappa i bakgrunnen!
Puhhh - andre utfordring vel overstått! 

Lang, lang rekke.....
Så gjensto den berømte Piggura: 
1 km med 200 meter stigning i tynn fjelluft.
Vi vart advart om at den kunne opplevast som krevjande for mange
- særskilt fordi vi var i tynnare luft enn vi er vande med. 
Dei fleste brukar  frå 30 min til 1 time på å ta seg opp Piggura til toppen. 
Vi hadde samla sett 1 time og 45 minutt til rådvelde for å kome opp og ned att Piggura før taulaget skulle gå attende over breen.
Vi ville jo gjerne å ha litt tid på toppen for å nyte utsikta,
så dermed var det berre å kome seg oppover!

Og her merka vi at det var mykje folk: 
Når over 300 menneske skal ta seg opp ei ikkje altfor brei steinur på same tid, 
samstundes som det kjem folk som er på veg ned att....
Det var eit par minutt eg følte at kaoset var i ferd med å ta overhand! 
I tillegg så skrudde han som er nesten 7 år opp tempoet,
og la i veg oppvoer ura,
så vi hadde vårt svare strev med å følgje med, og springe slalom mellom alle folka:
"Unna veg - her kjem vi!"

Det var kanskje derfor vi også raskt følte at kaoset roa seg, 
for på kort tid hadde folkemylderet spreidd seg i ura, 
og det vart rom og plass til å gå.


Siste bakken opp til Piggura var tung - 
små bein var slitne, og vi var altfor varme. 
Vi hadde kledd oss for kuldegrader, 
men sola varma meir enn venta. 
Men mange vaksne måtte også puste på 
- den tynne fjellufta kjentest for mange. 
Og vi - som så mange andre - kom oss opp! 

Puhhh - tredje utfordring vel overstått! 
Vi er oppe!

Nøgd gjeng på toppen!
2469 høgdemeter!
Norges tak!
Sol og vindstille! 
Folk tett i tett rundt Pigghytta!

Kaos? 
Nei!
Naturens fred og ro?
Ikkje akkurat.... 

Men.....
 Stor glede over å ha nådd eit mål 
- den mentale utfordringa var kanskje like stor for oss vaksne som den fysiske utfordringa for dei små!

Stor glede over å vere på ein flott fjelltopp - 
med utsikt over storslagne Jotunheimen, 
sjølv om eg drøymde meg litt bort til einsemda på Veslepiggen...

Men kanskje mest av alt: 
Glede over å sjå alle dei smilande fjesa på toppen! 

For kor ofte er du på ein stad med mange hundre menneske og der absolutt alle tilsynelatande er glade?

På toppen av Norges tak har du 
LUKKE og MEISTRINGSKJENSLE i eit nøtteskal!
Balsam for sjela!

Hundrevis av nøgde folk!!!

Det er lov å vere blid då :) 
Fantastiske Jotunheimen!


Vi ser ned att til breen vi gjekk på, og lengst der nede er Juvasshytta der vi starta turen. 


Og turen attende: 
Små føter sprang lett av garde, 
ned snøfonnene, 
over ura, over breen, 
og attende til Juvasshytta.
Og vi kunne nyte ein is utanfor hytta,
og kikke opp på den toppen vi nett hadde vore på!


Takk til Juvasshytta for framifrå guiding - 
god organisering og kontroll på eit mylder av folk. 
Det kunne fort blitt kaos 
- men det vart det ikkje!

Happy kids på Norges tak!

Nokre tips når du skal gå på Galdhøpiggen med barn: 
  1. Hugs at det er ein grunn til at dei har sett ei aldersgrense på 7 år. Vurder barnet sine føresetnadar for å gå turen også om barnet er 8 eller 9 år. Nokre 5-åringar vil ikkje ha problem med å gå turen, medan andre kan vere både 8 og 9 år før dei meistrar den. 
  2. Ikkje la Galdhøpiggen vere den første lange turen du går med borna dine. Ta nokre lengre fjellturar på førehand, slik at du veit kva dei meistrar. 
  3. Førebu barna godt på førehand om kva som ventar dei. 
  4. Ta med rikeleg med klede. Det er betre å kle av seg fordi ein blir for varm enn å gå og fryse. Sjølv eit lite vinddrag kan gjere det kaldt når ein er på nesten 2500 meter over havet. Hugs å sjekke kva vindstyrke som er meldt - sjølv om det er sol, kan det vere ganske sterk vind. 
  5. Nok mat og drikke - og litt ekstra "bensin". Barn som er på ein slik tur fortenar litt ekstra belønning!

Men når det er sagt: 
Det finnast mange andre fjell å gå på som er minst like fine!

Når det gjeld turskildring til Galdhøpiggen og informasjon om guida turar, kan du t.d. gå inn på Juvasshytta sine sider. 

#Galdhøpiggen #Norgestak #Jotunheimen #highestmountain


4 kommentarer:

  1. Flott beskrivelse av turen Liv Janne. Alice mi var med oss opp der da ho var 10 år. Veldig stolt på toppen.Vi hadde 4 årstider, og både sludd og regn på toppen..Fikk et lite glimt utsikt da regn og skodde blas vekk ca 1/2 min. Men det var verdt turen uasett. Men enig med deg - mange fine turer rundtomkring utan å gå i kø. Likevel kjekt å ha vært der. Læreren til Alice lærte oss at høgda på Gallhøgpiggen er 2469 moh
    Håper vi treffes i høst. God helg:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Stemmer - høgda er retta opp ;). Eg såg det sjølv - veit kor høgt det er, men likevel har dette 8-talet ein tendens til å snike seg inn - uvisst av kva grunn ;). Eit treff må vi få til! God helg!

      Slett
  2. Takk for nok en fin turbeskrivelse! Dere er jammen en sprek familie! Ser dere er flinke til å planlegge og legge til rette for mestring. Heldige er vi som har så mange fine turmål rundt omkring i landet.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  3. Fin beskrivelse fra en fin tur! Jeg var der for endel år tilbake. Da var det nok ikke like mange folk. Jeg var over Beseggen i helgen. Ganske så mange folk der og!
    Du har flinke barn.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!