mandag 12. juni 2017

Sjekk inn, sjekk ut, pling her, registrer der.....

Pust inn, pust ut..... mellom alle innsjekkingane på Førdsnipa (863 moh)

Å gå på fjelltur er ikkje lenger å snøre på seg fjellskoa, hive sekken på ryggen, ta turen til fjells og signere i boka på toppen........!

Er du ein av dei som opplever at fjellturen er blitt litt sånn:

sjekk inn, sjekk ut, pling her, registrer der? 

Eg skal no skildre ein fjelltur eg og min kjære hadde ein ettermiddag i forrige veke for å vise kva eg meinar:

Vi parkerte ved Hjelle i Angedalen i Førde, og planla å gå Hjelle - Hjellestølen - Førdsnipa - Hornnesstølen - Bergum.

Som sagt så gjort: Det var ikkje sol frå skyfri himmel, tvert om var det overskya og vi følte nesten at det vart regn. Heldigvis heldt det seg opplett og temperaturen heldt seg varm og fin, så det var flotte forhold for fjelltur!

Det første som skjedde var at eg sette i gong pulsklokka mi. Ikkje for å måle pulsen, for pulsbeltet mitt gløymer eg nesten alltid. Tidsbruken er litt viktig, men ikkje det vesentlege det heller. Det aller viktigaste er nemleg å måle lengda - eg har nemleg som mål å bevege meg minst 2017 km i 2017. Derfor må eg vite kor langt eg går, og klokka vart dermed sett i gong!

Turen gjekk vidare raskt og greitt opp til Hjellestølen etter ca. 2 km. Og då starta moroa for alvor. Først måtte eg sjekke inn Trimpoeng - som deltakar i Sprek i Førde kommune får eg 2 poeng for å gå på Hjellestølen. Når eg registrerer meg på den aktuelle posten, skal eg Sjekke inn.



Så har eg lasta inn ein app som heiter ToppsTur. Det er ei digital turbok der du kan sjekke inn små og store turar. Der ligg ein del forhåndsdefinerte turmål, men Hjellestølen var ikkje ein av desse. Derfor måtte eg først registrere forslag om turmålet, før eg kunne registrere turmålet.

Ein kollega av meg kommenterte nokre dagar tidlegare at eg var registrert på Peakbook, men ikkje hadde så mange turar.....
Den store planen var å få lagt inn alle fjellturane mine som det etterkvart har blitt nokre hundre, truleg tusen av - men så langt kjem eg jo aldri.....


"Men no er det jo så enkelt å sjekke inn med appen", seier han då. 

"Javel," tenkjer eg, "då kan eg kanskje registrere dei turane eg tar framover, så kan eg heller leggje inn dei gamle litt etter litt". 

Det var nok til å få meg på Peakbook-kjøret også, så då var det inn i appen og registrere tur på Hjellestølen......

Ankomst Førdsnipa og eg er klar til registrering.....

Så gjekk turen vidare til Førdsnipa på (863 moh), og der starta moroa for fullt - berre høyr:

  1. Skrive meg inn i turboka i postkassen
  2. Registrere meg på DNT sin nye Sjekk Ut app. Førdsnipa er ein av titurane til Indre Sunnfjord Turlag i år. 
  3. Registrere meg på Toppstur (her var heller ikkje Førdsnipa forhåndsdefinert, så eg måtte leggje inn forslag om turmål)
  4. Registrere meg på Peakbook

Etter litt sjokolade og drikke, la vi kursen mot Klumpen og Hornnesstølen. Etter eit par minutt, ropte eg til min kjære: 
"Søren, eg gløymde å sjekke inn trimpoenga!" 

"No er det for seint", svarte han med litt skadefryd. "Å neida," svarte eg og tok opp appen for å sjekke kor langt eg måtte tilbake for å vere innanfor rekkevidde til at den grøne Sjekk inn-knappen skulle lyse. Heldigvis var eg berre ca. 20 meter i frå, og skunda meg sjølvsagt attende for å gjere unna innsjekkinga. 


Så vart det ei fin vandring ca. 3 km frå Førdsnipa til Klumpen med utsikt over Førdefjorden - og utan innsjekkingar: 

På Klumpen (585 moh) var det "berre" tre ting som skulle gjerast: 
  1. Skrive seg inn i turboka i varden
  2. Sjekk UT
  3. Registrere Peakbook
Eg gadd ikkje leggje inn forslag om nytt turmål i Toppstur, og ikkje var det noko trimpoeng å få. 

Siste "høgdepunkt" på turen var Hornnesstølen, men no var det igjen 4 ting som skulle ordnast: 
  1. Skrive seg inn i turboka i "varden"
  2. Sjekk UT
  3. Registrere Peakbook
  4. Registrere Trimpoeng
Då skulle ein tru det var strake vegen ned att Eventyrstien til Bergum, men den gong ei...... ved gapahuken om lag halvvegs mellom stølen og Bergum, er det tid for nye registreringar. Vi skreiv oss inn i turboka, og då eg tok fram mobilen kom det tørt frå min kjære: 

"Sjekkar du inn meir no, så vil eg ikkje gå på tur med deg meir!" 

Men vi lar oss ikkje true, og 2 nye trimpoeng vart sjekka inn! Eg kunne endeleg feire at eg hadde bikka 100 poeng: 


Så kva vart resultatet av denne turen - bortsett frå at det var ein fin fjelltur? 

Jo, det skal eg seie deg: 
  1. 4 innskrivingar i turbøker
  2. 9 trimpoeng på Sprek i Førde kommune
  3. 3 Sjekk Ut - innsjekkingar
  4. 4 Peakbookregistreringar
  5. 2 ToppsTur
  6. Ca. 10 km gange
  7. Tidsbruk: akkurat passe ;) 
- og då har eg ikkje tatt med bileta som vart publisert på Instagram, videoen på Snapchat, og dette blogginnlegget.....


Jammen er det travelt å gå på fjelltur!
(men for all del - eg gjer det jo friviljug!)

2 kommentarer:

  1. Haha, herlig Liv-Janne! Veldig godt skrevet. Nå skriver jeg "bare" inn i turbøker og sjekker inn med DNTSjekkUt. Jeg er jo på peakbook, men helt uten registrerte turer... Hm. Det er noe med å nå turmål og krysse av og få det registrert. Men så er det den delen med å bare være på tur og nyte øyeblikket der man er - uten den mobilen. Men den tar man frem likevel, for det må jo knipses noen bilder også.. :D

    Kos dere på tur, med og uten innsjekk og utsjekk - og fortsatt i tospann! ^_^

    SvarSlett
  2. Haha! Stress! Gøy med mål om 2017 km i 2017 :-) Jeg bruker hovedsaklig pulsklokke for å se hvor høyt jeg er over havet - liker å vite det - i tillegg til å se hvor jeg har vært når jeg kommer hjem..........

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!