|
På januarturar passar det fint å ta med restane av julesnopet :) |
Nytt år, nye mogelegheiter
....trur vi alltid!
Ambisjonane var mange også på bloggfronten,
men travle tider både på jobb og privat,
gjorde at nyttårsforsetta rauk fort!
Men bloggambisjonane er der framleis!
Kan ikkje skryte på oss for mange spanande turar på nyåret,
men eit blikk på instagram-bileta for januar,
viser at vi hadde mange gode turopplevingar likevel.
Her er nokre turglimt frå @fjelluft 16:
|
Vi har merka og rydda eigen sti opp på Holten over hytta vår.
Her har vi også laga sitjebenk. Fint nærturmål for heile familien. |
|
Journalist Stian Sjursen Takle rapporterer direkte på morgonsending. |
|
Nokre fine dagar i starten av januar, resulterte i ettermiddagstur på Hornnesstølen der vi akkurat rakk sola. |
Saknar du bloggoppdateringar, så legg vi ut mange turglimt på Instagram - følg oss gjerne på:
@fjelluft16
@steffenjfoto
|
Sola speglar seg i Hestadfjorden rett før ho renn ut i Eikelandsfossen.
Siste rest av sol på Kjelstadnakken. |
|
På veg opp stien til Holten. Hestadfjorden er nesten heilt islagt. |
|
På Foss-stølen kan du gå til fots heile året - om det kjem snøfall, vert det trakka sti. |
|
Foss-stølen ein seinare dag i januar. |
|
Jammen vart det ei runde på ski på Langeland også! |
|
Siste januardag i 2016 - mykje snø og fint skiføre også langs vegen! |
Det er også lov å mimre litt om januardagar tidlegare år: