Vi svevar på ei sky av lukke på Markahengenipa, med utsyn til Eitrenipa og Fossedalshengnipa (lengst til høgre)! |
Måndag var den einaste dagen denne veka det var meldt sol
- resten av veka har det regna og regna.
Då er det godt å tenkje på at vi "strekte oss etter livet":
heiv oss rundt, skaffa barnevakt og kunne nyte ein flott fjelltur.
Fjellturen gjekk i fantastisk nipelandskap med masse små vatn.
Ikkje rart DNT-hytta heiter Nipebu,
når du har både Fossedalshengenipa (713 moh) og Markahengenipa (605 moh) rundt deg.
På turen har du i tillegg også god utsikt til Eitrenipa!
I alle fall:
Fossedalshengenipa og Markahengenipa er fine avstikkarar på stien til Nipebu frå Markavatnet.
Turskildring til Markahengenipa finn du på ut.no.
Fossedalshengenipa og Nipebu har vi tidlegare omtalt i dette innlegget (klikk på linken).
Med begge nipene som turmål, vart det totalt 11 km t/r.
Denne ettermiddagen har vi levd på heile veka! :)
God tur!
Utsikt frå Markahengenipa |
Eitrenipa, Nordre Kringla og Fossedalshengenipa. |
Vi måler krefter med fjellet..... |
Markahengenipa sett frå Fossedalshengenipa |
Jeg kjenner følelsen. Jeg "kastet meg også rundt" mandag da solen skinte. Nydelige bilder, flott tur og kjempefin beskrivelse. Som vanlig. Jeg heier på deg! God helg!
SvarSlettDet gjelder å gripe dagen. Så fint å se dette vakre landskapet på de flotte bildene! Så kjekt for dere med felles tur-interesse. Det er antakelig lettere å rydde plass til tur når begge gjerne vil ut. Og i morgen er det "Kom deg ut-dagen". God tur!
SvarSlettGod søndag fra Ingunn