onsdag 31. august 2016

Høyanger: Langefjellet (878 moh) og Toppenhytta


Varden på Langefjellet (878 moh) med Toppenhytta i bakgrunnen

Har du lyst på ein grei og relativt lett fjelltur, men med god utsikt? 
Då kan eg tilrå ein tur til Langefjellet (878 moh) og Toppenhytta i Høyanger! 

Turen er også passe å gå med mindre barn, 
Toppen-hytta står open for alle fjellvandrarar, 
og det er alltid stas for dei små å kunne gå inn i ei hytte.
Så det kan vere fin turmotivasjon :)

Vi tok turen til Langefjella og Toppenhytta etter først å ha vore på Hålandsnipa.

Turinfo: 
Startpunkt: 
Ved Grimsosen. Frå Høyanger sentrum tar du av oppover fjellet til Siplo. Køyr eit stykke forbi Siplo og til venstre langs Bergsvatnet og køyr bilvegen heilt til demninga ved enden av vegen. 
Lengd:  ca. 5 km t/r
Høgdeskilnad: 600 moh - 878 moh
Tidsbruk: 45 min - 1 t 15 min ein veg (alt etter form!)

Turen er merka. Det er bratt stigning frå demninga. (NB! Her kan det vere litt farleg om vinteren grunna mykje snø). Vidare er det lettare stigning med flate parti. Litt myrlendt, men god sti. Toppenhytta ligg om lag 200 m frå varden på Langefjellet. Flott utsyn fleire stader undervegs på turen. 

Turskildring ligg også på ut.no der den blir omtala som "Snill topptur"! 

Kartutnitt frå turen henta frå ut.no 
Turen er klassifisert med raud mann, altså som krevjande. Eg vil heller seie at det er ein middels tur. Bortsett frå litt bratt stigning i starten, er det nokså lettgått terreng med slakk stigning. Derfor passar den også godt for turvande og/eller turmotiverte barn. Ingen krevjande parti. 

God merking frå start!
Den litt bratte stigninga i starten, er den du
ser i bakgrunnen. 
Vi er ferdig med den første bratte stigninga og får flott utsyn ned att til demninga der vi starta turen, og ned til dalen innover frå Høyanger sentrum. Trappeturen på 2500 trappetrinn ligg inst i dalen.
I vaksentempo gjekk det relativt raskt å kome seg til varden. Flott utsikt over Sognefjorden!
Frå varden er det berre 200 m bort til Toppen-hytta


Utsikt frå Toppenhytta

Ved Toppenhytta er det også postkasse med bok, og der var det nokre jenter som hadde laga ein flott "rapp" om tur på vegen opp - kanskje ein idè til andre for å motivere borna på tur? 
Rappen var ganske fornøyeleg, så eg tillet meg å gjengje den her: 

Vers 1: 
Mamma sa: "Tur er bra"
Jentene svara: "ha-ha-ha"
Regel nr. 1: ikke ver for sen
Regel nr. 2: ta på riktig sko
Regel nr. 3: du må alltid vere med
Regel nr. 4: du må huske å flire
Regel nr. 5: du måkke vere slem

Refreng: 
Ut på tur, aldri sur
Ut på tur, aldri sur

Vers 2: 
Regel nr. 6: du kan gjerne ha med kjeks
Regel nr. 7: du måkke vere slu
Regel nr. 8: du må huske å gå på potte
Regel nr. 9: du må alltid vere bli
Regel nr. 10: Høyr på mora di!

(Takk til Runa-Mari, Marita og Ane Dina for flott rapp!)

Hytte med utsikt!

Lita, men koseleg. Ein lir inga naud om ein overnattar her ei natt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!