tirsdag 30. august 2016

Bakkanosi (1398 moh) - magasugutsikt over Nærøyfjorden!

Biletet som skapte draumen om Bakkanosi!
Eg har drøymt om å bestige Bakkanosi heilt sidan eg såg bilete frå toppen på framsida av Opptur Sogn og Fjordane i 2006.
10 år etter vart draumen ein realitet! 
Og Bakkanosi skuffa ikkje - den var rett og slett så fantastisk som eg trudde den skulle vere!

Turdraumar blir ikkje alltid oppfylt med det første, 
men er ein tolmodig, så skjer det ein vakker dag!
I mellomtida opplever ein uttallige andre draumar! 

Turen til Bakkanosi kan i utgangspunktet verke både utfordrande for høgdeskrekken og krevjande, men det er den på ingen måte ikkje. Dette er ein tur som dei fleste kan ta - vel og merke om du har litt turerfaring i beina. Den er på 18 km t/r, så det er absolutt ein føremon å ha gått litt turar før. Men bortsett frå det, byr ikkje turen på spesielt krevjande parti, og ynskjer du ikkje å utfordre høgdeskrekken, så er det berre å la vere å gå heilt fram på kanten. Men om du har sjansen - så vil eg absolutt anbefale at du kikkar over kanten  og knappe 1400 moh rett ned til den vesle grenda Bakka i Nærøyfjorden!

Etter 2 km gange på traktorveg, kjem du inn til Slettelandsstølen. 

Turinfo:
Lengd: ca. 18 km t/r
Høgdeskilnad: 560 moh - 1398 moh
Tidsbruk: 4-6 timar
Startpunkt: Jordalen - mellom Gudvangen og Stalheim i Voss kommune

Køyr frå Gudvangen i retning Voss. Etter nokre raske kilometer, rett før du kjem til Stalheim, står det skilt til høgre merka Jordalen. Vegen opp i Jordalen går i ein lang og svingete tunell. Turen startar frå sjølve Jordalsvegen, og du kan parkere rett etter ei bru når du har køyrt forbi dei første husa i Jordalen. Her står det informasjonstavle om turen til Bakkanosi. Du kan også parkere ved skulehuset.

Du går på traktorveg det første stykket og etter ca. 2 km kjem du til Slettedalsstølen - som er stølen til Jordølene. Du er då komen på ca. 860 moh. Vidare går du i relativt flatt terreng innover Slettedalen, ca. 3 km. Stien går ganske nær elva, og er relativt tydeleg det meste av vegen. Inst i dalen vert det knappe 300 m stigning opp til Lyngsskardet. Derifrå er det vandring i steinur opp ca. 100 høgdemeter. Det er godt varda slik at du lett finn retninga til Bakkanosi. For å få med deg den mest storslåtte utsikta, må du ga ca. 100 m fram på kanten.

Kartutsnitt over turen

Vi har gått inn heile Slettedalen og er straks ferdig med stigninga opp Lyngsskardet. 
Frå sjølve toppunktet på Bakkanosi, kan du berre så vidte skimte fjorden, men du ser vid utsikt til fjella kring deg
m.a. Breiskrednosi og Fresvikbreen. Men det lønar seg å gå lenger fram.....
Eg har ikkje ord.....sjå den utsikta! Ikkje rart at Nærøyfjorden står på Verdsarv-lista! 
1400 meter rett ned - til Bakka

Å sitje på toppen, nyte utsikt over fjell og bre, båttrafikk, speide i kikkert etter alle kajakkpdlarane på fjorden, sol frå nesten skyfri himmel..... ein perfekt tur og ein perfekt dag!

Mykje båttrafikk i Nærøyfjorden. Fleire kajakkpadlarar hadde
overnatta i telt langs veglause strender ved fjorden. 

At Bakkanosi er ei spesiell turoppleving er det det ingen tvil om. Tinderangel.no skildrar opplevingar frå ein overnattingstur dit, slik:

Fra enden av Slettedalen bærer det opp over dalsiden, forbi vannet Slettedalstjørni og opp til Lyngskaret (1.327 moh). Herfra får en det føste glimtet av Nærøyfjorden og de bratte fjellsidene. Herfra ser en også vardene som leder mot Bakkanosi (1.398 moh). Det er her ute, ytterst på nord-siden av Bakkanosi at vi slår opp teltet vårt for kvelden, med en utrolig utsikt over Nærøyfjorden.

Selv om vi hadde høye forventninger ble vi ikke skuffet over der ville landskapet i kveldskumringen. Fra teltplassen går det bratt ned mot fjorden og mens solen går ned fyrer vi opp primusen og koser oss med mat og drikke mens det stadig blir mørkere og stjernehimmelen kommer til syne.

Jeg våkner i det solen spretter opp bak fjellene på den andre siden av fjorden og lyser inn i den åpne teltduken. Det er soloppgang fra nesten skyfri himmel og et lavtliggende skyteppe dekker Nærøyfjorden. I skumringen legger vi spesielt merke til Hurrungane som stikker opp i det fjerne og bak der ser en den langstrakte Jostedalsbreen med Lodalskåpa som stikker opp. Det er en helt magisk stemning som jeg nyter fra soveposen.

Eller som Stian med sekken skildrar det: 
Ute på tuppen av Bakkanosi hopper hjertet over to takter mens haken går rett i gulvet. KAPOW sier det så står du der med tidenes fjordutsikt. Framme på nebbet står det en sveitser. Han stammer fram at han har stått der i over en time bare for å ta inn synet.. jeg forstår han godt. Sveitseren surrer seg ned igjen mens jeg setter opp teltet. Idet solen smyger seg ned i vest har jeg hele verdensarven for meg selv. Ingen tvil om at jeg setter ekstra stor pris på livet i slike øyeblikk.





Så skal du prioritere èin magisk fjelltur i haust - ta turen til Bakkanosi! 
(om du då ikkje har som vilkår at toppen skal vere over 2000 meter....)

Utsikt ned Storeskredbotnen. Herifrå går alle rasa som stengjer
vegen mellom Gudvangen og Bakka vinterstid!

9 kommentarer:

  1. Å så kjekt at du har vært der. Fantastisk tur og utsikt. Jeg har vært der både sommer og vinter og gå gjerne turen igjen.
    God tirsdagskveld videre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var utruleg kjekt at vi endeleg fekk det til å klaffe og at været vart så bra! Kan tenkje meg at den er fin på vinteren - kanskje det blir neste prosjekt? Ein fin dag vidare til deg også!

      Slett
  2. Takk for turen! Helt magisk! Det er nok slikt jeg bare kan drømme om i min alder. Det er så artig å følge bloggen din.
    Nesten sommertemperatur her i dag. Skal ut og finne litt villbringebær til dessert, og så er det strikkekafe i kveld. Livet er utmerket!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Den var magisk, ja! Smiler litt av kommentaren din om at livet er utmerket - ja, det er det faktisk! Villbringær til dessert og strikkekafe høyres ut som ein super kveld! Her regnar det, men er faktisk milde temperaturar.

      Slett
  3. Hei har denne turen på ønskelista har lest at det ikkje er merka sti, er det sant ? er det vanskelig å finne veien opp ?
    Mvh. Grethe

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er rett at den ikkje er direkte merka, MEN det står skilt med forklaring der du startar. Skogsvei til stølen.Innover dalen er det ikkje merka, men stien er godt synlig. Trekk ned mot elva heilt til du finn stien. Opp skaret og vidare til toppen er det ganske godt varda, så det er eigentleg ikkje vanskeleg å finne fram!

      Slett
    2. Det er rett at den ikkje er direkte merka, MEN det står skilt med forklaring der du startar. Skogsvei til stølen.Innover dalen er det ikkje merka, men stien er godt synlig. Trekk ned mot elva heilt til du finn stien. Opp skaret og vidare til toppen er det ganske godt varda, så det er eigentleg ikkje vanskeleg å finne fram!

      Slett
  4. Hei. Har hørt at det er mulig å kjøre frem til stølene før man begynner å gå, stemmer dette eller er må man parkere nede ved hovedveien?
    Er det mye våte/bløte partier på turen?

    SvarSlett
    Svar
    1. Skogsveien var litt bratt og kronglete i starten, så ville nok vore litt skeptisk til å køyre. Men det kan vel gå greitt med 4-hjulstrekk. Vegen var i alle fall ikkje stengt med bom, meiner eg. Ikkje spesielt våt sti, men kan vere enkelte parti innover dalen. Om du finn stien og følgjer den, unngår du dei våteste partia og kan stort sett gå tørrskodd.

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!