lørdag 7. mars 2015

På kyrkjeferd til Brendåsen (193 moh)

Ute pøsregnar det, og det er tid for å drøyme seg tilbake til gamle turar. 
Våren nærmar seg, - og kanskje er du på leit etter nokre fine tidlege vårturar?
Her får du eit turtips i Ytre Fjaler - ein tur vi tok i februar i fjor: 

Når du er ute og går tur - i litt vått kystlandskap - og går gjennom skogen med mål om å kome opp på ei høgde med utsikt, så forventar du ikkje at det dukkar opp eit stort berg midt i skogen. Endå mindre reknar du med at det i dette berget er rissa inn nokre teikningar. Desto mindre forventar du at denne teikninga er av ei kyrkje... Men dette opplever du faktisk når du går på tur til Brendåsen (193 moh) i Fjaler!



Teikninga i berget var ei positiv og artig overrasking for oss i turfølgjet - 4 vaksne og 2 små på veg opp mot ein ny "fjelltopp". Med ei høgd på 193 moh, så skal det vel litt til at det vert rekna som ein fjelltopp - og derfor er nok namnet "ås" meir rett; Brendåsen. Fjell eller ikkje - åsen er ein av tre turar som er med i turtrimmen til Fure IL i Dalsfjorden. Dei to andre er Einingsfjellet og Bygdeheia som vi har besøkt fleire gonger tidlegare. Men dette var vår første tur på Brendåsen.



Attende til kyrkja i berget: Teikninga skulle forestille Askvoll kyrkje, og ved berget var det hengt opp ein plakat som fortalte historia bak. Denne måtte lesast høgt for dei små både på opptur og nedtur:


Turen til Brendåsen er for øvrig ein fin, barnevenleg tur. Delar av turen går inne i "skogen", men når du kjem opp på toppen får du flott utsikt nordover og sørover langs kysten. Det er sett ut benkar på to ulike utsiktspunkt. Ved den eine er det også bygd ein stor varde, og det er her du finn boka til fjelltrimmen.


Det er to ulike startpunkt: Ved Håvåg der det er 2,5 km til toppen, og der som vi starta - ved Fure mekaniske - der det er skilta med 1,5 km til toppen. Rett nok viste mobilapp'en vår at vi hadde gått nesten 2 km når vi nådde toppen, og det trur eg stemmer betre enn 1,5 km. Turen er godt skilta undervegs, så har du funne startpunktet, så finn du også fram resten av vegen!







Øya Alden - Den Norske Hesten - tronar fint over havet! 

Utsikt mot Granesundet med Atløy til venstre og Askvoll til høgre. 


Kartutsnitt frå ut.no som viser dei 3 fjelltrimpostane til Fure IL: Einingsfjellet, Bygdeheia og Brendåsen. 

1 kommentar:

  1. Jeg slutter aldri å bli imponert over alle turene som er merka i Sogn og Fjordane. Her har Buskerud jammen mye etterslep. Artig med Kyrkjeberget. Det er faktisk en fjelltopp i Tingvoll kommune på Nordmøre som heter det samme. Kjenner at jeg begynner å glede meg til sommerens fot-turer. Mildværet de siste dagene tærer på snøen.

    Ønsker deg ei fin uke!

    Klem

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!