Steffen bloggar:
Mikroeventyr på mikroføter på mikronivå!
Du kan like godt merkje deg ordet med ein gong, eller kanskje du alt har høyrt det brukt? - MIKROEVENTYR!
Det er briten og eventyraren Alastair Humphreys som smidde til uttrykket i 2011. For han inneber Microadventures småturar med ei varigheit på frå under 1 døgn til nokre få dagar; gjerne med grensesprengjande og heilt nye opplevingar innbakt.
For nokon kan dette dreie seg om å liggje i telt for fyrste gong. For andre kan det vere å tore å gå ut på kanten på eit stup og sjå rett ned i avgrunnen.
For andre - som for meg som far og grasenkjemann med ungane våre i 4 dagar fram til søndagen - dreidde det seg om å gjere turlivet enkelt for oss tre desse dagane: For ut ville vi alle tre, det var vi samde om - vêret var aldeles strålande - og ingrediensane barna introduserte for ein vellukka aktivitet, var overkomlege: God is, inspeksjon av Torsheim-hunden som dei så langt berre hadde sett frå bilvindauget dei mange gongane vi har passert Kunstnarsenteret i Førde - og så få leike i tauverket i klatreparken på utstillingsplassen. Og elles ta det heile som det kom. Korkje meir eller mindre denne laurdagen!
Vårens første IS er eit faktum! Mikro-eventyret er i gong! |
Slik vart nokre timars byvandring i Førde og bruk av dei fine, grøne lungene langs elva Jølstra, vårt lokale Mikroeventyr... Kortreist gåtur på asfalt og grasslette - spontane opplevingar (så som ender som landa rett framfor auga til Bendik Matias og Sanna Oliva ved elvebreidda, og ein fotball som vart spent på "pøyla" og måtte reddast på land av oss for ein tåresprengd gut som hadde vore uheldig med høgrefoten på ballen) - viste seg snart å vere fullt på høgde med godt planlagde turar, trøyttande langt borte frå eigen bustad...
Turruta for mikroeventyret: Turen gjekk frå benkane ut for Førde torg - vidare strake vegen austover Naustdalsvegen og forbi hunden til Torsheimen med den iaugefallande Gordiske knuten på ryggen - over gangbrua ved elva sør for Sparebankbygget - kunstpause på steinbenken like ned for brukaret - og like ved i parken fekk vi helse på Torsheimen i eigenperson; statuen av han stod freidig og naturtru og gav dei små både spørsmål og svar - for så å ende ferda i klatreparken ved utstillingsplassen. Dette var turen, tur-retur! Ingen spesielle tureffektar er påkravd! God tid og godt humør heldt i massevis!
Nokre glimt frå det kortreiste, men storslagne, MIKROEVENTYRET vårt:
Gatelangs Naustdalsvegen gav høve til inspeksjon av og imitering av hunden til Torsheimen, på veggen på Kunstnarsenteret. |
Elvelangs på fint lagt stein |
Gakk-gakk på nært hald, på benken sør for Sparebanken. Det nye rådhuset vakkert til midt imot! |
Det bur ein kunstnarspire i oss alle. Kunstnarleg mot, er nærliggjande å seie! |
Bendik Matias - fri som fuglen, godt med omrøme i parken, livet framfor seg! |
Ta deg eit mikroeventyr du og -
det er betre med 10 mikroeventyr enn
0 ikkje-realiserte storeventyr!
0 ikkje-realiserte storeventyr!