torsdag 10. juli 2014

Opplev Sognefjorden: Fjellrekka Lavik-Vadheim!

Steffen Ben bloggar:


Frå laust prat til planlegging
"Kva med å gå oppe på fjellrekkja langs bilstrekket LAVIK-VADHEIM, og få oppleve Sognefjorden på langs, men sett frå òven?", sa eg til Liv Janne ein gong vi sat i gode Volvo-seter, etter å ha kome i land med bil  frå ferja i Lavik, på veg innetter fjorden mot Vadheim og Førde. "Kvifor ikkje?", var det korte, men kontante svaret eg fekk frå henne.

"Ja, kvifor ikkje?" gjentok eg, mest for meg sjølv - planlegginga var alt i gong i hovudet mitt: Kvar startar vi? Er det stiar vi kan følgje?  Greier vi turen på ein dag, eller må ei overnatting til?


Sognefjorden: mange kilometer, mange fjordarmar og mange bygder
Sognefjorden er Noregs lengset fjord, 205 km, og også den djupaste fjorden i Noreg - kring 1300 meter djup. Sognefjorden er ein idyllisk fjord, med mange fjordarmar og bygder som klorer seg fast inne ved land.

Sognefjorden kan sjølvsagt roast med båt slik postbåten gjorde i tidlegare tider, eller symjast på langs, slik den engelske advokaten Lewis Gordon Pugh gjorde i 2004. Eller den kan "gåast", heilt eller delvis, ved å følgje fjella som omkransar fjorden.

Dessutan er Sognefjorden mest "snorande bein" ute i vest, slik at det burde vere sjansar for flotte fjord-panoramaer, om ein berre kom på dei rette utsiktstoppane, tenkte eg.  Oppe på fjellet over bygdene, har bøndene gjennom tidene etablert fine stølar, som også er kjekke idyllar å passere til fots.

Langt å gå, men godt stinett og god merking
No er ikkje fjella her nye for oss. Vi har gått på utvalde toppar langs strekket Lavik-Vadheim tidlegare, og også gått frå Vadheim til Norevikane, så vi visste at utsikta var formidabel. Men vi visste òg at det ville bli ein druspeleg tur kva kilometer vedkom.

Vi visste såleis òg kor stor innsats som er gjort i merking av stinett i området. Lat oss her skunde oss å takke Lavik IL, fjelltrimgruppa for den enorme innsatsen som er lagt ned over fleire år. Vi er blitt fortalt at så mykje som 2500 dugnadstimar er brukt på å varde, merkje, tilretteleggje stien og sette opp skilting i dette området. Så mykje som 41 stiar, som fører til kring 17 fjelltrimpostar, er merkte. Eit eige kart der stinettet er innteikna, er òg utarbeidd.  TUSEN, TUSEN TAKK, for arbeidet!

- ein junidag, grytidleg av garde, bar det av stad til startpunktet i Bosdalen aust for Lavik. Jaudå, dette berre måtte bli ein bra tur tenkte vi - å vandre slik på toppar mellom 500-750 moh.

Her er ruta vi komponerte oss:
Ruta vi gjekk: Start på merka sti frå Bosdal ved Lavik til:
 Fuglefjellet - (umerka til) Kjerringa - (så merka att:)  Avestølen - Ytre Torvundstøl - Indre Torvundstøl, Blåfjellet, Tjørnebotnstøl og -fjellet, Tverrgavlane-Hatlelifjellet-Fløyen. Slutt ved bilvegen på Ullebø nord for Vadheim. 

Start ved Bosdal aust for Lavik. Her er det merka til fjellet Fuglefjellet (543 moh):

Ferja Lavik-Oppedal går i rute på fjorden rett bak Liv Janne
Frå Bosdal i retning Fuglefjellet. Fint utsyn i retning Lihesten i Hyllestad


FUGLEFJELLET:
Varden på Fuglefjellet


Mange kilometer att innetter fjella over Sognefjorden....
Utsyn frå strekket Fuglefjellet - Kjerringa.  Neset som stikk ut i fjorden er Hovdeneset ved Torvund


Hovdeneset ved Torvund til venstre i biletet
Bergsstølen:
5 stølsidyllar passerte vi på turen;
her frå Bergsstølen opp for RÅ

Tvibyks på den unntaksvis umerkte delen av turen; frå Fuglefjellet til Kjerringa
Lett landskap å gå i, her i oppstigninga mot Kjerringa.
Utsyn vestover: Einsleg hytte ved Myrketjønna, så gardane i Avedalen på Øvre Lavikedalen. Lihesten bak til høgre.

KJERRINGA:
PANORAMA over Norges lengste og djupaste fjord: Storfelt utsyn over Sognefjorden og bygdene kring på båe sider    



På Kjerringa var det ei jente - INGA - som har lagt att signaturen sin, skrive i stein!
Avenbukta sluktar seg inn nede under bakkekanten midt i biletet
Turen gjev ikkje berre fjordutsikt og vidsyn; den har også parti med innlandsfjell-kjensle


AVESTØLEN:


Godt vørdsla bygg på Avestølen

Svunna tid: Separatoren på Avestølen har levert sin siste skvett.
60 tørn på sveiva i minuttet var  - visstnok - rett fart; det gav den rette lyden
Tjørnene rett aust for Avestølen

Ytre Torvundstøl og Langeneset:

Ytre Torvundstøl ligg gøymd under knausen i framkant. Utsikt mot Langeneset i Guddalen oppe i biletet.
Fjellet oppe til høgre er Trebønipa vest for Ytredalen mellom Vadheim og Sande
Ytre Torvundstøl: Ikkje mykje bygningsmasse att her.
Lavaste punkt på turen etter start, 275 moh
Indre Torvundstøl og Blåfjellet:
Indre Torvundstøl til venstre. Utsikt også mot varden på neste fjelltopp med fjordutsikt, oppe til høgre - BLÅFJELLET 


Blånipa - utsyn nordover mot Blegja og Storehesten

Mellom Blåfjellet og Tjørnebotnstølen

Tjørnebotnstølen:
Tjørnebotnstølen



Siste fjellet på turen - FLØYEN:

Ein glad vandrar nyt kveldssola
på varden på Fløyen.
Vadheim sentrum i bakgrunnen
Oppstigninga til vakre Fløyen. Klokka er 20 om kvelden,
og Vadheim er nesten komen i skuggenes dal
Fjellmassivet frå Fløyen til høgre.
Èin times gange til no, og vi er komne ned til bilvegen på Ullebø (dyrka marka midt i biletet).
31 km og 2226 høgdemeter er då unnagjort


Turfakta:
  • Start:  Bosdalen, aust for Lavik
  • Slutt: Ved demningen på Ullebø, i retning frå Vadheim mot Guddalen 
  • 31 km å gå
  • 2226 høgdemeter samla sett
  • Stort sett merka tur, men ruta har ikkje gjennomgåande opparbeidd sti. 
  • Gjennomgåande lettgått, tørt terreng. Tilgang på vatn store delar av turen
  • Alternativ: Enkelttoppar kan med stort hell takast direkte opp frå fjorden, merka ruter. Gode utsiktstoppar er Fuglefjellet, Kjerringa og Fløyen (sjå kart)
  •  Eit eige kart med rutenett innteikna.


2 kommentarer:

  1. Så spreke dere er! Dette må ha vært en opplevelse! Takk for at dere deler gleden!

    Fortsatt god sommer og god helg fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Flotte bilder og mykje god informasjon :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!