onsdag 25. juni 2014

Balestrand: Raudmelen - vidsyn over fjell og fjord

Steffen bloggar:

Enkelte fjelltoppar kan gje eit skikkeleg vidsyn grunna den strategiske plasseringa, meir enn grunna høgda over havet. Toppen like nord for Balestrand sentrum er ein slik ein - med det litt mystiske namnet Raudmelen. I tillegg er den svært lett tilgjengeleg!


For frå denne toppen på 972 m.o.h. kan du gjere visuelt djupdykk inn i fjordarm etter fjordarm av Sognefjorden:
  • Esefjorden, 
  • Vetlefjorden, 
  • Fjærlandsfjorden, 
  • Vik 
  • Inn- og ut hovudløpet på Sognefjorden. 
I tillegg ser ein direkte bort på to svært spanande fjelltoppar like ved i Balestrand som vi har på ønskjelista vår: Keipen og Vindreken i Esefjorden. Og så ser ein rett over Sognefjorden og bort i hjartet på Stølsheimen. Så her får ein mykje valuta for pengane - om ein ynskjer fjordpanorama og inspirasjon til nye fjelltoppar!

Turen startar ved Belehalli, idrettshallen, på same stad som dei merka naturstiane startar, i byggjefeltet nord for Kvikne hotell ved fjorden. Frå Balestrand kai/turistinformasjon går du opp Lærargata og vidare på Kreklingevegen før du kjem til Belehalli som er startpunkt.

Her er det eit utal merka stiar og løyper, så det finst noko for einkvar smak. Av dei lengre turane ein kan gå til også herfrå, er Munkeggi (1317 moh), som følgjer og held fram vidare frå Raudmelen:
RAUDMELEN: Start ved Belehalli i Balestrand. Merka rute til toppen, eller vidare også til Munkeggi, retur same veg. Turen kan også gjerast som ein rundtur, slik som innteikna på kartet. 
Turen går først langs den merka naturstien men tek snart av frå denne og fylgjer raud løype oppover. Etter ei forholdsvis bratt stigning, er det greitt å ta pause ved Orrabenken (370 moh). Herifrå har ein flott utsikt over Balestrand Sentrum og Sognefjorden. Etter Orrabenken fylgjer vi stien vidare oppover.

Neste punkt på vegen er Buråsi (575 moh) som også er ein fin rasteplass og har fantastisk utsikt over Sognefjorden og Esefjella. Vidare frå Buråsi går vi mot toppen langs fjellryggen og har fantastisk utsikt nedover begge sider. På eine sida er det grøne lier ned mot Balestrand og på den andre, dramatisk fjellvegg ned mot Esedalen. På toppen - Raudmelen - blir ein godt lønna av ei fantastisk utsikt over det midtre Sognefjords-området.

Greitt å ta med drikke då det ikkje er nokon vasskjelder langs ruta opp.



Utsikt frå Buråsi i retning Esefjorden - Vindreken er toppen til venstre.




Keipen i Esefjorden







3 kommentarer:

  1. Ååååå så vakker natur, herlig :)

    SvarSlett
  2. Håhoi, dette såg heilt nydelig ut! Ny tur på min "to-do-list"..! Men, kor lang tid brukte de opp sånn ca?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dette er ein flott tur som anbefalast. Ser at nokre ruteskildringar brukar 6 timar t/r, men då har du god tid. Eg ville heller tatt utgangspunkt i ca. (1,5 -) 2 timar. Noko raskare ned igjen. Det er fin og god sti, så lett å gå. Det står 5 km ein veg på skiltet, men min RunKeeper kom berre til vel 4 km.

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!