søndag 31. mars 2013

Rimelegvis rimeleg bra på Rimmane (1209 moh)


Ikkje vanskeleg å nyte påskevêr og utsikt på toppen av Ørnefjellet (1209) aust for Rimmane,
 men først var det ei meir enn bratt nok fjellside å forsere for dei to trugegåarane.  Både opp og ned!
Etter turen til Venevasseggja på Rørvikfjellet dagen før, hadde vi sett oss ut Rundenova ved Haukedalsvatnet som eit aktuelt turmål denne dagen. Startpunkt for denne turen er på Vindheim, men dessverre var det ikkje brøyta opp til hyttefeltet der. Då måtte vi gå heilt nede frå vegen langs Haukedalsvatnet, og det ville bli ein mykje lenger tur som vi ikkje hadde tid til. Då var gode råd dyre..... kva skulle vi velje då? På nordsida av vegen over Rørvikfjellet, hadde vi sett flotte skispor nedetter fjellsida frå Rimmane, men trudde at det kanskje kunne bli vèl bratt med truger. Skulle vi likevel prøve til???? Og svaret vart JA!

Så dermed vart det trugetur til Rimmane og vidare opp til varden på Ørnefjellet (1209 moh). Og det vart ein utruleg flott tur! Rett nok steig vi svært så bratt oppover...
Stien var lang og den var bratt
suddelida suddelidei!
Kvar meter kosta slit
suddelida, suddelidei
Men utsikta var bra
og lykkli' var vi da,
så dit må du gjerne dra!
Suddelida Suddelidei!

Frå nordsida av vegen på Rørvikfjellet følgde vi ei slukt oppover mot Rimmane og Ørnefjellet

Parti frå ranen vi følgde oppover; området er også nytta av spreke fjellalpinistar som vil ha lange renn 



Kvilesteinar undervegs er gull verdt... denne  midt i lia var så stor og flat at den husar eit heilt turfølgje om så var.
Rørvikfjellet i flata nede til venstre. Gårsdagens turmål, Venevassegga, bak kvilaren. Haukedalsvatnet til venstre.

Få meter att til topppunktet. Snøfast, men lite snø

Varden på Ørnefjellet (1209 moh) er nådd. Utsikt så det held; her vestover mot
 Storehesten og Heilevangs-massivet i nabokommunen Gaular




Utsikt vestover mot Førde; masta på Havstadfjellet kan skimtast like til høgre for midten ibiletet.
Holsavatnet i framgrunnen.








Ei hardhaus av ei furu, stronk i ryggen som få, i fjellsida nedatt mot Rørvikfjellet.
Drøsinga (1086 moh) og Setelifjellet (bak) på Holsen i Sør-vest.

Ein drøsar framfor Drøsinga.
Nok ein kjempefin utsiktstur er diverre over...

Utsyn sørover mot Rundenova, på Sør-sida av Haukedalsvatnet


fredag 29. mars 2013

"Eg skull' te fjells for å jakte rein..." - Fauskevarden (853 moh)

Sola er i ferd med å gå ned dei fleste plassar, men den lyser framleis opp Fauskevarden (853 moh)

Medan eg sit og tenkjer på innlegget om gårsdagens ettermiddagstur, høyrer eg på Hellbillies på NRK 1, og då kjem det: 
Eg skull' te fjells for å jakte rein. 

Bussen va ganske sein, eg skulde gå te Hein. 
Været va ruskut og tungt og grått. 
Lendet va sleipt og vått, 
Sjål vart eg redd so smått. 
Hadde hverken kart ell kompass, 
Burde jaddi hugst på sopass. 
Jævlig dumt syns væl du? 

Og nettopp rein er ikkje eit  uvanleg syn når du tar turen på Fauskevarden (853 moh) på vegen mellom Førde og Askvoll. Heldigvis var eg litt heldigare med været enn Hellbillies-karane - sola skein nok ein dag frå nesten skyfri himmel. Og kart og kompass var relativt unødvendig når eg kunne følgje uttallige (ski-)spor på veg mot toppen!

Etter å ha tilbrakt store delar av dagen i snøen med skileik, aking, grilling, kos og høg solfaktor, vart det ein ettermiddagstur til denne fjelltoppen. Nest etter Hafstadfjellet, er nok Fauskevarden ein av dei mest besøkte toppane kring Førde. På sommarstid ber i alle fall terrenget preg av stor slitasje einskilde stader, så det vitnar om at her må det vere ein del utfart. Og det er ikkje vanskeleg å forstå: På toppen får du utsikt mot Storehesten og Heilebergmassivet/Blegja på nært hald, og du får litt føling med fjorden og havgapet i vest. Her er ein flott plass å nyte solnedgangen! I tillegg kan du altså vere så heldig at du ser ein reinsdyrflokk i løpet av turen. Det har eg gjort eit par gonger - og det er alltid like spesielt!

Turen er i tillegg svært populær som skitur, og no også med truger: 
Nokon hadde gått her på truger før meg..... og eg trur eg fann ut kven! :)
Slik finn du fram til Fauskevarden: 
Turen har same startpunkt som turen til Nordheia: Køyr frå Førde og mot Askvoll, forbi skisenteret i Blomlia. Rett før Nordheiatunellen finn du ein stor parkeringsplass på høgre sida av vegen, og ein liten på venstre sida. Skal du på Fauskevarden, er det greitt å parkere på venstre sida, då det er her du startar turen (men denne er ikkje brøytt no på vinteren). 

Turen går først på skogsveg eit stykke, før du kjem inn på ein tydeleg og merka sti. Som sagt så ber terrenget preg av ein del slitasje, så det er ikkje vanskeleg å sjå kor folk har gått. Samla distanse t/r ca. 6 km. Tidsbruk: 1,5 - 2 timar totalt. Meir info kan du også finne på lommekjent.no

Eg har nett starta turen på veg mot Fauskevarden - toppen er lett synleg i terrenget. Stien er på venstre sida opp mot topp-partiet. 
Storehesten og Heilebergmassivet skodar vi frå mange toppar - men her får du dei på ekstra nært hald!


Kveldsroen har seinka seg over Gjøsetstølen og Gjøsetvatnet - etter ein skjærtorsdag med truleg svært stor skiutflukt

Ved varden ser du mot havgapet i vest

 Eg var litt tidleg ute for å få med meg solnedgangen på toppen, men eg kunne ane idyllen på veg ned att:




Då kjem eg te ei krasafaren steinbu. 
Eine veggen sigji ut, men taket nokolein. 
Set meg ned og finn fram nista, 
Våt og kald so kroppen rista. 
Likevæl æ eg glad! Eg æ glad! 

Det er nok inga krasafaren steinbu å finne på vegen til Fauskevarden - og varden på toppen står framleis støtt - men gleda over å kome fram/nå toppen er nok like stor! Og konklusjonen? JO - denne turen bør eg ta oftare! :)

Karutsnitt over turen - henta frå lommekjent.no: 

torsdag 28. mars 2013

Venevassegga (1023 moh) - innfrir det namnet lovar!


Ikkje berre innfrir meteorologane det Påskevêret dei lovar - det gjer i høgste grad òg naturopplevinga frå nettopp Venevassegga i Gaular:

Dagens turmål på truger,Venevassegga, er ein typisk vintertopp - og gjev ei nydeleg skue til tre kyrkjesokn: Holsen i Nord-vest, Haukedalen i Aust og Viksdalen i Sør-vest. Turen gjev også panorama til tilsvarande tre store innlandsvatn: Holsavatnet; Haukedalsvatnet og Viksdalsvatnet.

Og uansett kvar ein vender hovudet kring ein, er det overkomelege fjelltoppar som freistar og lokkar, både i vinter- og sommarhalvåret:
Ja, faktisk gav turen til Venevassegga inspirasjon til eit nytt turmål som vi hadde planar om å ta påfølgjande dag. Av ulike grunnar blei ikkje det, men i staden vart det ein anna tur som vi også ser frå Venevasseggga. Meir om dette kjem i seinare innlegg...

Altså: Bestiginga av èin topp genererer gjerne ynskje om å bestige 5 nye toppar!!! Nokon som kjenner seg att?

Slik finn du fram: 
Turen startar ved Rørvik fjellstove som ligg på fjellovergangen Rørvikfjellet mellom Førde og Gaular, ca. 30 minutts køyring frå Førde sentrum. Turen er merka på sommarstid og det god sti. På vinteren finn du nesten garantert skispor som du kan følgje til toppen. Lett kupert skiterreng og fine renn ned att, gjer dette til ein svært populær skitur.

Distanse: ca. 8-9 km t/r
Tidsbruk: ca. 3 timar samla sett
Karutsnitt over turen finn du nedst i innlegget.
Jakobs-skardet der vi skal opp midt i biletet; avstikkaren Hetlenova til Høgre


To trugegåarar i perlehumør: Det èine er Påskevêret, det andre er at Påskefri opnar for fleire fortløpande utfluktsdagar til fjellet. I bakgrunnen er hytta på Rørvikfjellet - som er start- og stoppstad for denne turen.

"Flyfoto" frå Rimmane: Ruta frå Rørvikseter og til Venevassegga - og den utsikts-lønsome snuren
bortom Hetlenova (904 moh) med finfin utsikt til Holsen og Gulestølen

Neidå; ikkje Hallingskarvet eller Reineskarvet - men Svartenova


Fjellet Drøsinga på Holsen. Holsen by i næraste ende av Holsavatnet.
Stien startar frå parkeringsplassen til Gulestølen og fortset oppover fjellsida og opp til høgre ende på egga på biletet. Fjellet kan verkeleg anbefalast som turmål!

Sola når oss på Nord-vestsida av Svartenova

Frå Jakobs-skardet mellom Venevassegga og Hetlenova får ein
fin utsikt  mot Vika i Viksdalen.
Ein alternativ startstad for turen er
via Hetlestølen (i skyggen av snøfonna i framgrunnen).

Framme på Venevassegga
Vika på Viksdalen og Viksdalsvatnet
Det spisse fjellet i himmelsjå, Holstnipa, er kanskje det fjellet som gjev best utsikt over heile Viksdalen. Prøv det!


Stripene på himmelen røper stor påsketurisme, by Air

Retur: Utsikt mot Haukedalsvatnet og Haukedalen i andre enden av vatnet.




Haukedalsvatnet - det avrunda fjellet til høgre for midten er Rundenova.
Startstad for tur hit er Vindheim på Sør-vestre side av Haukedalsvatnet

Nordsida av Haukedalsvatnet.

Ein flyktning (eller to) kryssar sine spor...

Trugefølgjet vèl attende til startpunktet på Rørvikfjellet. Haukedalsvatnet.
Og vart du freista på å ta turen etter å ha lese dette innlegget, men er usikker på ruta - ja, så byr det seg ein sjanse til å slå følgje med Indre Sunnfjord Turlag allereie 2. påskedag! Meir informasjon finn du her. Turleiaren for turen, Atle Holsen, er ein svært stødig turleiar og lokal kjentmann som har guida denne turen mange gonger. Attpåtil er han ein god kollega, så vi kan trygt skrive under på at han vil ta godt vare på dei som ynskjer å vere med på tur!

Kartutsnitt frå turen til Venevassegga - start frå Rørvik Fjellstove