Vi ser mot Hovden (367 moh) |
Vi starta først med å køyre frå ferjekaia på Gjervik til Høyvik (7 km) nord på øya, og vidare ut til startpunktet for turen opp på Hovden. Den er skilta frå vegen mellom Rindane og Ørnefjellet. Stien er god og tydeleg. Det stig jamt bratt oppover - og total lengde er 1,4 km. Tidsbruk vil vere frå 30 minutt til 1 time - alt etter form og tal kilo bagasje (les: barn i bæremeis). Toppen er eit utruleg flott utsiktspunkt - 360 grader rundt! Den stadfestar nok ein gong at det ikkje nødvendigvis er dei høgaste toppane som gjev den flottaste utsikta. Du kjem høgt nok til at du ser vidt i kring, samtidig er du lågt nok til at du får føling med øyane og sjøen rundt deg. Øyane i vest, Alden og Tvibyrge blir veldig nære. Fastlandet med Staveneset i nordaust ligg ikkje langt unna, og litt lenger nord ser du rett på Kinnaklova.
Tvibyrgje og Alden (bakerst) sett frå Hovden |
På veg ut for å gå på Hovden, utspant følgjande samtale seg i bilen vår:
Mamma: "Sjå, Sanna Oliva, ut på den toppen skal vi. Ser du varden der oppe?"
Sanna Oliva: "Ja - og kanskje har dei bok der?
Mamma: "Det har dei nok"
Sanna Oliva: "Åhh, då blir MAMMA glad!!!! Eg skal finne den til deg!"
Alden - tatt frå vegen mellom Vilnes og Herland |
Etter ein god matpause, var det klart for den siste turen for dagen: Brurastakken. Den ruvar ikkje meir ein 170 moh, men det er sagt den likevel gir fin utsikt. Som så mange andre turmål på Atløyna, kan du kome til Brurastakken frå fleire stader, og det er godt merka løyper. Turen er merka som Nordsjøløype, og du kan både gå frå byggjefeltet på Herland eller du kan starte på høgda før du køyrer ned til Herland. Vi valte det siste - då dette truleg er den lettaste vegen og den som tar kortast tid. Vi måtte ta omsyn til at klokka var passert 16 og at vi skulle kome heim i rimeleg tid.
Vi ser opp på Brurastakken frå der stien starta |
"Mamma, sei at eg er vekke då!" |
Stien opp på Brurastakken - vi går inn i skaret der oppe |
Skilt som viser symbolet for Nordsjøløype |
Toppen av Brurastakken |
Tvibyrgje |
Flott merking - ingen problem med å finne fram! |
Alden i tåkehavet |
Sanna Oliva: "Eg likar ikkje svart kirke!"
Pappa: "Gjer ikkje du det? Kva farge på kirka likar du då?"
Sanna Oliva: "Eg likar berre lilla og rosa!" :)
Vilnes kyrkje |
Kart over Atløyna |